English - Nederlands
Flaggrekke EnglishNederlands
Andre lenkjer
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Kva skjer?
september 2010
tyontofrla
303112345
6789101112
13141516171819
20212223242526
27282930123
45678910
Du er her: Eidfjord kommune > Framsida
Foto-jakt på Hardangerbrua
Logo Statens vegvesen

Han føl bygging av Hardangerbrua med kamera kring halsen, som næraste grannen til prosjektet på Bu i Ullensvang.

Publisert av Møen, Bjørne. Ansvarleg Brekke, Geir - Statens vegvesen. Første gong publisert 09.03.2010

Per Frode Bu er gardbrukar, og ligg midt i løypa for anleggsområdet til Hardangerbrua. Både tårn, riggområde og rasteplass med bussterminal ligg på garden hans.

Før anleggsarbeidet tok til i februar 2009 har han nytta høve til å dyrka sin store interesse for fotografering, både på heimebane og på områda på båe sider av fjorden - der Statens vegvesen og entreprenørane no sprenger, grev og byggjer installasjonar til Hardangerbrua.

Per Frode Bu har laga si eiga heimeside - www.bugard.no - der han publiserar bilete og video-opptak frå byggjearbeidet. Han har delt prosjektet inn etter dei lokale stadnamna. Du finn t.d. ein lang serie med bilete frå bygging av brutårnet på Bu under namnet Gangstå.

I samråd med Per Frode Bu har Statens vegvesen laga ei lenke frå denne sida til Per Frode Bu si heimeside, der ein kan følgje byggjearbeidet på Hardangerbrua og rassikringsprosjektet på rv. 13 Brimnes-Bu.

 
Skriftstørrelse
a - a - a
Kontaktinformasjon
_
_
Eidfjord kommune
Simadalsvegen 1
5783  EIDFJORD
 
E-post : postmottak@eidfjord.kommune.no
 
 
Telefon : 5367 3500
Faks : 5367 3575
Org.nr. : 944 227 121
Mva.nr. : 944 227 121
(Kommunenr) : 1232
Hurtigmeny5 InfoBiblioteketBiletgalleriCruisebåtarGalleri N.BKinoVêretWebkamera
Levert av ACOS AS