Eit aktivt og levande kulturliv, både profesjonelt og på amatørbasis, er grunnlaget for at Eidfjord skal vera ein god stad å bu både for born, ungdom, vaksne og eldre.
Kultureininga utgjer omlag 2,6 årsverk med mange tilsette i små stillingar; kulturkonsulent, kontorfullmektig, biblioteksjef, prosjektmedarbeidar og klubbarbeidar.
Kinoen vert teken i vare av tre kinomaskinistar.
Kulturprisen
Kulturprisen for Eidfjord kommune skal lysast ut annankvart år med svarfrist innan 1. april, og det er Formannskapet som tildeler prisen. Prisen treng ikkje delast ut kvar gong.
Kulturprisen skal gå til ein person, grupper eller frivillige lag som har gjort seg fortent til prisen gjennom stor frivillig innsats for kulturlivet i Eidfjord. Sjå lenkje under for retningsliner.