|
|
|
|
 Publisert 18.08.2010
set i gang att onsdag 25. august kl. 10.30.
Ta med borna, gode venner og formiddagsmat, så får me skravla på gli!
Kvar onsdag utover hausten møtes me i kyrkjebarnehagen til leik, song og koseleg samvær!
Vel møtt!
 Publisert 18.08.2010
starter opp att torsdag 23. september, og har samlingar omlag annankvar torsdagf framover hausten.
Bibelknøttene held til i kyrkja, og det er ein slags søndagsskule på torsdagar! Det er song, leik, dei lager ting, og dei høyrer sjølvsagt historier frå Bibelen.
Du kan vere med på Bibelknøttene frå den sesongen du fyller 4 år!
Vel møtt!
 Publisert 08.06.2010
gjekk av stabelen i helga! 23 ungdomar og nokre leiarar var til Voss, og koste seg stort i sommarvarmen.
 Publisert 01.06.2010
Det var ein regntung og kald ettermiddag i slutten av mai, og dei aller tøffaste naturkulerane var samla til bekkevandring i Simadal....
Har du aldri vore på bekkevandring? Les vidare og bli inspirert til å prøve!!!
 Publisert 04.05.2010
Måndag 26. april var ungdomane i 6. 7. og 8. klasse samla på Tråahjadlane. Dei spelte inn film om Elia.
Elia kjempa mot avgudsdyrkinga i Israel. På Herrens befaling gjekk til Kritdalen, austanfor Jordan. Her gøymde han seg for forfølgarane sine etter at han hadde profetert tørketid over landet. Han drakk or bekken, og Gud hadde gitt ravnane bod om å skaffe han mat.
 Publisert 22.04.2010
Måndag 19. april var årets leiarkursingar samla igjen.
På programmet sto følgjande:
Korleis planlegge ein leir, og korleis lære andre å setje opp ein lavvo?
Før ein kan lære bort til andre, må ein som kjent lære sjølv...
 Publisert 23.03.2010
Årets minikonfirmantleir vart arrangert 19. til 21. mars.
5. klassingar frå Eidfjord, Utne, Jondal, Kinsarvik og Ullensvang, tilsammen ca 50 ungar, var samla i Sætervika i Samnanger.
 Publisert 16.03.2010
Måndag 15. mars nytta kyrkja seg av skulen sin planleggingsdag, og tok naturkuldeltakarane med seg på fyrste naturkulsamling. Dei tok bussen til Høl, og planen var å gå i Moses sine fotspor.
Ja, for du er vel kjent med at Moses farta mykje rundt på Hardangervidda i si glanstid. På sandalar, antakeleg, for det er vel det fottøyet som egnar seg best i ørkennære strøk...
 Publisert 02.02.2010
27. til 29. januar var konfirmantane våre på leir. Saman med konfirmantane i Kinsarvik, Ullensvang, Utne og Jondal var dei på Helgatun leirstad frå onsdag til fredag.
 Publisert 17.12.2009
Dei har mykje interessant å by på. Mellom anna kan du søkje sommarteneste, dersom du ønsker å fylle ferien din med meiningsfyllt arbeid og samtidig oppleve ein annan del av verda.
Ettåring/volontør er eit tilbod fyrst og fremst til unge, og av oppgåver kan me nemne barne- og ungdomsarbeid, studentarbeid, besøksteneste og hagearbeid.
Vikariat for prest, husmor, assistent og vaktmester er også på tilbodslista...
Klikk deg inn på www.sjomannskirken.no og vidare til "jobb i sjømannskirken"
|
|
|
Kontaktinformasjon
|
|
|
Eidfjord kyrkje
|
|
Lægreidsvegen 24
|
|
Postboks 23
|
|
5786
Eidfjord
|
 |
|
Telefon
|
:
|
5366 5251
|
|
Faks
|
:
|
5366 5288
|
|
Til ettertanke
 |
| |
Ta vare på hjarta framfor alt du tek vare på, for livet går ut ifrå det.
|
| |
-Ordtøka 4,23
|
|
|