BEGIN:VCALENDAR
VERSION:2.0
PRODID:-//ACOS//NONSGML CMS 18.0.4925//EN
BEGIN:VEVENT
UID:17347295-19e9-610a-b542-c928b90f622e
SUMMARY:Kino: Fjord
DESCRIPTION:FJORD er vinnar av Gullpalmen under årets Cannes Film Festival. Oscarnominerte Renate Reinsve og Sebastian Stan møter alle foreldra sitt verste mareritt i det Cannes-aktuelle samtidsdramaet Fjord, sett i eit norsk fjordlandskap. Ein norsk-rumensk familie flyttar frå Romania til eit lite tettstad i Noreg. Her kjem fembarnsfamilien raskt i kontakt med den lokale meigheiten og med naboane, som har born i same alder. Når skulen mistenkjer at foreldra praktiserer fysisk avstraffing mot borna sine, vert det teke affære. Fjord er eit aktuelt, spennande og tankevekkjande familiedrama som utforskar kulturskilnader og dei skjøre grensene mellom privatliv og institusjonell makt. Regien er ved den internasjonalt anerkjende regissøren Cristian Mungiu som vann Gullpalmen i 2007 for «4 månader, 3 veker og 2 dagar». I hovudrollene finn vi Oscar-nominerte Renate Reinsve og Sebastian Stan som vert gjenforeinte etter å ha spilt mot kvarandre i «A Different Man» (2023). Filmen hadde sin verdspremiere i hovudkonkurransen på den 79. filmfestivalen i Cannes 13. – 24. mai der han vann festivalen si hovudpris Gullpalmen. I tillegg vann filmen FIPRESCI-prisen og François Chalais-prisen som vert gjeven til filmar som fremjar journalistiske og humanistiske verdiar. Norske produsentar er Dyveke Bjørkly Graver (A Prayer for the Dying, Min fantastiske fremmede, Syk pike, Verdens verste menneske) og Andrea Berentsen Ottmar (Affeksjonsverdi, Syk pike, Armand, Verdens verste menneske). Vil du sjå denne videoen må du godkjenne funksjonelle informasjonskapslar.
DTSTART:20260906T170000Z
DTEND:20260906T192000Z
LOCATION:Eidfjord kino
SEQUENCE:0
CREATED:20260817T123339Z
DTSTAMP:20260830T053602Z
END:VEVENT
END:VCALENDAR
