BEGIN:VCALENDAR
VERSION:2.0
PRODID:-//ACOS//NONSGML CMS 18.0.4925//EN
BEGIN:VEVENT
UID:4e6efbc7-d2e1-dbd8-e725-7d4979b4ff3d
SUMMARY:Ei historisk stund i Eidfjord gamle kyrkje
DESCRIPTION:Program: Lars O. Bleie kjem for å fortelja om kyrkja og om tida ho var i bruk. Det er få, om nokon, nolevande som kjenner historia til Eidfjord gamle kyrkje betre enn han. Det var også han som skreiv jubileumsboka “Eidfjord gamle kyrkje 700 år” som vart gitt ut av Eidfjord kommune i 2009. Rannveig Djønne kjem med toradaren sin og fyller den gamle kyrkja med musikk. John Bour Gjennom historie, forteljingar og musikk får me eit blikk bakover i tid. Frå fjell og dal, til fots eller i robåt på ein uroleg fjord, kunne kyrkjevegen vere lang. Men til kyrkja skulle dei – både i helg og høgtid, i glede og i sorg. Kyrkjebakken var samlingsstaden der folk møtte slekt og venner. Her vart mang ei arbeidskontrakt stadfesta og mang ein handel avgjord. Før avisene, før radioen og fjernsynet var det på kyrkjebakken folk fekk høyra nytt frå inn og utland. Gjennom sju hundre år var Eidfjord gamle kyrkje den største og viktigaste kulturberaren i bygda vår. Kyrkjerommet er enkelt, og står framleis slik det har gjort gjennom mannsaldrar – uendra og opphavleg. Denne kvelden skal vi fylgja kyrkja gjennom hundreåra og møte med nyare tider. Soga fortel oss at Eidfjord ikkje var ei innestengd bygd, men hadde kontaktar til bygdene både austafjells, mot vest og mot havet – og til og med med utlandet. Alt dette, og mykje meir, får du høyra om denne kvelden. Er du interessert i historia til kyrkja og bygda er det her du bør vera. Arrangør: Eidfjord historielag, Eidfjord kommune og Eidfjord kyrkje
DTSTART:20260908T160000Z
DTEND:20260908T170000Z
LOCATION:Eidfjord gamle kyrkje
SEQUENCE:0
CREATED:20260901T064109Z
DTSTAMP:20260902T060330Z
END:VEVENT
END:VCALENDAR
