BEGIN:VCALENDAR
VERSION:2.0
PRODID:-//ACOS//NONSGML CMS 18.0.5033//EN
BEGIN:VEVENT
UID:766e7fd5-703e-4f90-3d48-f45becd9985f
SUMMARY:Seniorkino: Markens grøde
DESCRIPTION:Knut Hamsuns nobelprisvinnande klassikar kjem til kino i ei storslått filmatisering regissert av Hans Petter Moland. Ei kjærleikshistorie i villmarka Seinhaustes kjempar Isak for å overleva åleine i villmarka. Ein dag dukkar Inger opp over fjellet. Frå eit møte prega av naud og slit veks det fram kjærleik mellom dei. Saman tek dei fatt på arbeidet med å skapa eit nytt liv i den harde og ubarmhjartige naturen. Drømmen om Sellanraa Med kjærleiken som drivkraft byggjer Isak og Inger opp garden Sellanraa frå ingenting. Gjennom hardt arbeid og motgang skaper dei ein heim og ei framtid saman. Men då ei mørk løyndom kjem for dagen, vert forholdet sett på ei hard prøve. Eit av dei store verka i norsk litteratur Filmen byggjer på Knut Hamsuns nobelprisvinnande roman frå 1917, eit verk som har ein sentral plass i norsk kulturhistorie. Regissør Hans Petter Moland løfter forteljinga til det store lerretet med Herbert Nordrum og Asta Kamma August i hovudrollene. Opplev ei storslått forteljing på kino «Markens grøde» er ei gripande historie om kjærleik, overleving og mennesket si rolle i naturen. Filmen skildrar både dei vakre og dei brutale sidene ved livet i villmarka, og fortel om kva som må til for å byggja noko varig. Pris Honnør 30 kr Vil du sjå denne videoen må du godkjenne funksjonelle informasjonskapslar.
DTSTART:20261216T130000Z
DTEND:20261216T153900Z
LOCATION:Eidfjord kino
SEQUENCE:0
CREATED:20260903T082851Z
DTSTAMP:20261107T183025Z
END:VEVENT
END:VCALENDAR
