BEGIN:VCALENDAR
VERSION:2.0
PRODID:-//ACOS//NONSGML CMS 18.0.4951//EN
BEGIN:VEVENT
UID:d7ee115f-d3be-fa70-1d53-db180a2f5fc9
SUMMARY:Kino: Det umålbare
DESCRIPTION:Utan omsorg stansar alt. Ein svensk dokumentar om det vakraste og viktigaste vi har. I Det umålbare vender regissør Nils Petter Löfstedt blikket mot dei som arbeider med å ta vare på andre. Ein barnehagelærar som skal få femten barn til å sovne på éin gong. Ein heimesjukepleiar som berre har åtte minutt til kvar pasient. Gjennom vare portrett og kvardagsaugeblink får vi sjå kor mykje nærleik og augnekontakt har å seie i eit menneskeliv, både for unge og gamle. Det umålbare fangar vår tids syn på effektivisering og målstyring i velferda. Det er eit reknestykke som ikkje går opp. Kva er verdien av omsorg? ★★★★ «Eit kjærleiksbrev til alle i omsorga. Nervepirrande, fint stemt og rasande politisk» – Sydsvenskan ★★★★ «Umisteleg» – Göteborgs-Posten ★★★★★ «Det er ømleiken og varmen som sit att» – Svenska Dagbladet «Ei oppmoding til motstand, men òg ei motstandshandling i seg sjølv.» – Lars Henriksson, GP «Ein av dei viktigaste filmane eg har sett dei siste åra.» – Erik Wijk Aldoori, forfattar «Sjå han om du arbeider med menneske, eller om du er eitt.» – Frances Tuuloskorpi, debattant.
DTSTART:20261004T170000Z
DTEND:20261004T183500Z
LOCATION:Eidfjord kino
SEQUENCE:0
CREATED:20260924T112112Z
DTSTAMP:20260930T230328Z
END:VEVENT
END:VCALENDAR
