Eidfjord Kommune

HardingFolk

Spelar du hardingfele, torader, dansar eller syng folkesongar? Då er du hjarteleg velkomen til å delta på HardingFolk.

Dato
5. desember 2020
Tid
9:00 - 16:00
Stad
Eidfjord Samfunnshus

HardingFolk

HardingFolk er ei kursrekkje i folkemusikk og folkedans frå Hardanger. Hardanger spelemannslag står som arrangør av heile 6 lokale kurs fram mot storkurset "Dans, spel og song - alt pao ei gong" i Granvin i mars 2021.

MiniHarding

Det vert òg høve til å melda seg på MiniHarding for dei mellom 5 - 7 år. her får dei oppleva og prøva seg i folkemusikk og folkedans. MiniHarding varar ein time midt på dagen og er heilt gratis.

Kursdatoar

  • Kinsarvik - 19. september
  • Ulvik - 10. oktober
  • Utne - 14. november
  • Eidfjord - 5. desember
  • Kvam - 16. januar
  • Skare - 13. februar
  • Granvin - 20. mars (Dans, spel og song - alt pao ei gong)

Påmelding

Du kan melda deg på eitt, fleire eller alle kursa. Aldersgrensa er frå 8 år, og prisen er kr 150,- per person.

Send melding til:

hardingfolk.no

facebook.com/hardingfolk.no

Informasjon om hendinga

Pris vaksen
150

Arrangør

Hardanger spelemannslag
Postnummer og stad
5736 Granvin

Kontakt

Alexander Aga Røynstrand
Postnummer og stad