Eidfjord Kommune

Helsesista til ungdomsskular i Hardanger

Helsesista kjem digitalt til ungdomskulane og vidaregåande skular i Hardanger og Voss!

Dato
21. oktober 2020
Tid
9:30 - 11:30
Stad
Digitalt

Våg å være

Hardanger Ungdomsråd har med midlar frå Hardangerrådet og Sparebanken Vest engasjert Helsesista Tale Maria Krohn Engevik til eit digitalt føredrag for ungomsskular og vidaregåande. Føredraget heiter" VÅG Å VÆRE" og denne dagen vil ho spesielt fokusera på psykisk helse i klassemiljø. Invitasjonar er sendt til skulane og helsesjukepleiarar/skulehelsetenesta i regionen. 

Ungdomsrådet

For ungdomane i Hardanger Ungdomsråd har psykisk helse alltid vore viktig, og me vil sjølvsagt fylgja opp i etterkant i ungdomsrådet. Ungdomsrådet arbeider også med ei spørjeundersøking, for å avdekka lokale utfordringar, for så å kunna ta tak i dei konkret.

Lenkje til føredraget vert tilsendt skulane og andre påmeldte i forkant. Er du i målgruppa og ynskjer å delta kan du senda ein e-post til trude.rinaldo@hardangeraadet.no (skulane er allereie påmeldt)

Kl. 09:30 På ungdomskulane i Hardanger og Voss
Kl. 10:30 På vidaregåande skular i Hardanger og Voss

 

Arrangør

Hardanger Ungdomsråd

Kontakt

Trude Rinaldo