Eidfjord Kommune

Ope møte angåande framtida til Eidfjord Småbanecup.

Framtida til Eidfjord Småbanecup er usikker av fleire grunnar. Mellom anna har noverande turneringsleiar valt å gå av, men han har likevel sagt seg villig til å vera med vidare i styret. Det er og ynskjeleg med ei endring i leiarteamet/leiarstrukturen, samt at det trengst nye impulsar for å drive cupen vidare.

NYTT tidspunkt grunna smittevernhensyn:

Dato
7. desember 2020
Tid
18:00 - 19:30
Stad
Eidfjord kino

Me ynskjer difor å invitere bygdafolket, samt næringslivet til eit ope og uforpliktande møte angåande framtida til Eidfjord Småbanecup.
Har du eit engasjement for Eidfjord Småbanecup og vegen vidare? Eller berre har gode innspel å koma med?

Då vert me veldig glad for å sjå nettopp deg på møtet.

Møtet er heilt uforpliktande, men er samstundes avgjerande for om cupen har ei framtid.

10 overraskingar vil verta trekt ut etter møtet.

Vel møtt.

Det er ikkje påmelding til møtet – men det vil bli ført navneliste under møtet, til bruk ved eventuell smittesporing i etterkant.

Helsing dagens styre i Eidfjord Småbanecup

Arrangør

Eidfjord Småbanecup

Kontakt

Frode Eriksen