Eidfjord Kommune

17. mai program

Også i år vert det ei annleis 17. mai feiring med meir sosial avstand. 

Dato
17. mai 2021
Tid
10:00 - 14:00
Stad
Eidfjord

13. - 17. mai Familierebus - kvar stod fotografen?

Finn fram til plassen fotografiet er frå og samla bokstavar til ord, det er ein rebus i Eidfjord, ein i Øvre eidfjord og ein i Sysendalen. Rebusen vert publisert på Eidfjord kommune si heimesida og facebook. 

10:00 Tale ved ordførar Anders Vatle

Talen vert publisert på heimesida og facebook 
Toneskredo syng Eidfjordsongen
1 - 4 klasse ved Lægreid skule syng nasjonalsongen

12:00 Felles nasjonalsong over heile landet, der du er.

Skru opp lyden på radioen og syng med!

12:00 Rullande 17. mai tog

Alle møter på parkering i sentrum (coop/kommunehus). Når nasjonalsongen er ferdig køyrer veteranbussen fyrst i toget, dei andre fylgjer etter i tilfeldig rekkjefylgje. Toget køyrer løypa sentrum - Simadal - Kinabyen - sentrum - Eidfjordvegen (RV7) - Øvre Eidfjord - Natursenteret - Sæbøvegen - Krossen - Hagavegen - Eidfjordvegen (RV7) - Byggern - Kyrkjevegen  - Evjevegen - Gamlenaustvegen - Eidfjordvegen (RV7) - sentrum

Har de ikkje høve til å køyra i toget er det kjekt om de møter undervegs i løypa og vinkar med flagg. 

13:00 Frist for å melda seg på i konkurransen om flottast pynta køyretøy.

Pynt køyretøyet ditt og ta bilete av det innan kl. 13:00. Biletet sender du til eidfjord-heimesida@eidfjord.kommune.no
Det vert publisert ei avstemming på heimesida og facebook der du kan stemma på flottast pynta køyretøy. 

18. mai vert vinnarar av familierebus og flottast pynta køyretøy vert publisert på heimesida og facebook

Destinasjon Eidfjord si oversikt over kva som skjer i Eidfjord i mai (PDF, 775 kB)