Eidfjord Kommune

Trolljakt med Askeladden

Det er observert troll i Øvre Eidfjord!
Mellom Vøringsfossen og Eidfjord sentrum ligg Øvre Eidfjord. Kjent for sin flotte natur, "Norsk Natursenter Hardanger", camping og no også: TUSSER OG TROLL!

Billettar: Eventyr i Parken (ticketco.events)

Tidspunkt
Fredag 09.07.2021 00.00 - søndag 18.07.2021 00.00
Stad
Norsk Natursenter

Arkeolog Sigrid Skogheim og hennar assistent Espen Askeladd skulle endeleg i gong med nokre større vikingutgravingar på den historiske Varberghaugen, like ved Norsk Natursenter, då dei merka noko rart. Høge lydar, store spor og noko verkeleg illeluktande! Og då fleire bukkar forsvann då dei skulle krysse brua, for å gå til seters og gjere seg feit, vart dei to arkeologane heilt sikre: det må vere troll på ferde! Kan det hende det er sjølvaste Vøringstrollet som har forvilla seg ned til Varberg? Eller har det kanskje noko med sagnet om Tussafoten å gjere?

No ber dei små og store kome for å delta på: TROLLJAKT.

- Trolljakta varar i ca. 90 minutt – om vi ikkje vert ete opp...
- Anbefales frå 4 år og oppover.
- Arrangementet skjer i turterreng, ein må difor vere i fysisk stand til å kunne komme seg framover til fots.
- Kle deg og dine for ein tur i skog og mark!
- OPPMØTE ved Norsk natursenter Hardanger, Øvre Eidfjord.

Arrangementet er arrangert av Eventyr i Parken og er støtta av Eidfjord kommune, Vestland Fylke og Bergen kommune.

OM ARRANGØR:
Eventyr i Parken er eit teaterkompani som gjennom ulike arrangement og happeninger ynskjer å skape unike utandørs kulturopplevingar for små og store. Gruppa består av Lina T. Fjørtoft, Stine R. Svellingen, Thomas B. Brandt og Magdalena Kuna.

SMITTEVERN:
For å kunne gjennomføre arrangementet er vi avhengig av at publikum til ein kvar tid følgjer gjeldande smittevernstiltak. Personar frå same husstand går samla. Vaksne er ansvarlege for å halde sine barn på minst 1 meters avstand frå andre. Er nokon i husstanden sjuk, eller føler du deg dårleg, er det viktig at du ikkje møter opp.

ANSVAR:
All deltaking på arrangementet skjer på eige ansvar. Ein må vere god nok til fots for ein enkel tur i skog og mark. Vi oppfordrar til å kle deg og dine etter vær og vind.

Ta gjerne kontakt om det er nokon spørsmål!

Følg vårt nyhetsbrev: https://mailchi.mp/6d98e7ebeb4a/eventyriparken

Arrangør

Eventyr i Parken