Eidfjord Kommune

"Ut på middag i Eidfjord"

Invitasjon til «Ut på middag i Eidfjord».

Samfunnet er endeleg på veg til å opna att. Etter ei vanskeleg og einsam tid for mange har Eidfjord kommune gleda av å invitera innbyggjarar i Eidfjord over 65 år ut på middag med dessert og kaffi.

Arrangementet er gratis.

Dato
17. august 2021
Tid
12:00 - 15:00
Stad
Quality Hotel Vøringsfoss

Føremålet med middagen er å legge til rette for sosialt fellesskap att, som for mange har vore sårt sakna under pandemien.  

Meny

Gje beskjed ved påmelding kva alternativ du ynskjer til hovudrett:           

Alternativ 1:

Indrefilet av okse med rødvinsaus, løkchutney og glaserte grønnsaker 

Alternativ 2:

Confitert kveite med beurre blanc, gulrotpuré og grønnsaker frå Undeland Gard

Dessert:

Sjokolade heaven med bringebærsorbet

Transport til og frå middagen

Eidfjord kommune ordnar med skyss til og frå middagen for dei som treng det. Gje beskjed om du treng skyss ved påmelding. 

Smittevern

Me held oss til gjeldande lokale og nasjonale reglar og anbefalingar for smittevern under arrangementet.

Påmelding

Meld deg på middagen til Eidfjord kommune sitt sentralbord, telefon: 53 67 35 00, innan 6. august.

Gje beskjed ved påmelding om matallergi/matrestriksjonar, eller om du har andre behov.

 

Me gler oss til middag, og håpar å sjå deg 😊 

Helsing prosjektgruppa - «Ut på middag i Eidfjord»

Informasjon om hendinga

Pris vaksen
0

Arrangør

Eidfjord kommune