Eidfjord Kommune

Alpinkurs Sysendalen Skisenter

Alle er velkomne, medlemmer av Eidfjord idrettslag får sponsa kurs.
Skigutane sponsar alle kursdeltakar med gratis heiskort.  Me leiger Myrkdalen skiskule som kjem med fleire instruktørar.

Dato
1. mars 2020
Tid
10:00 - 15:30
Stad
Sysendalen Skisenter - Maurseth

Medlemmer av Eidfjord idrettslag: gratis kurs og kort. Andre som vil delta på kurset: 300 kr 
 
Sysendalen skisenter har alpinutstyr til leige, varmestova er open frå kl 09.30.   Yngre ungar og dei som er på nivå 1 må ha foreldre/ foresatte til stades. Kurset begynner kl 10 pause frå kl 12 - 12. 45 fortsetter til 15- 1530. 
 
Gruppene ser me for oss omtrentleg slik:

  1. Nybyrjar – har aldri stått på alpint tidlegare
  2. Litt vidarekomen – har stått litt på alpint tidlegare, men treng hjelp å kome både opp og ned
  3. Vidarekomen – kjem seg opp og ned barneheisen
  4. Ekspert – køyrer i T-heis utan problem ynskjer teknikk trening/ ssl trening.

Påmelding:  send mail til slalomkurs@gmail.com med namn og alder, skriv om ein er medlem av Eidfjord IL, skriv kva nivå ein er på frå 1- 4. 

Påmelding/ betalingsfrist 22 februar. 
 Dei som ikkje er medlemmar av Eidfjord IL, send betaling til Skigruppa Eidfjord IL: VIPPS 92638          

Vel møtt til alpinkurs, me gledar oss til å sjå DEG der!! 😊
 
Med vennleg helsing Skigruppa i Eidfjord idrettslag. 
 

Arrangør

Eidfjord idrettslag
Postnummer og stad
5783 Eidfjord