Eidfjord Kommune

"Ut på middag i Eidfjord" - tysdag 5. oktober

Me gjentek suksessen, og har gleda av å invitera innbyggjarar i Eidfjord over 65 år ut på middag med dessert og kaffi. Arrangementet er gratis.

Dato
5. oktober 2021
Tid
15:00 - 17:00
Stad
Quality Hotel Vøringsfoss

Føremålet med middagen er å leggja til rette for sosialt fellesskap igjen, som for mange har vore sårt sakna under pandemien.

Middagen vert servert kl. 15.30, arrangementet varer i ca. 2 timer.

Meny

Gje beskjed ved påmelding kva alternativ du ynskjer til hovudrett:

  • ytrefilet av hjort med solbærsaus og glaserte gullbeter frå Hardanger
  • torsk med spinat, bacon og urtesaus

Dessert: brownie med vaniljeis og jordbær coulis.

Transport til og frå middagen
Eidfjord kommune ordnar med skyss til og frå middagen for dei som treng det. Gje beskjed om du treng skyss ved påmelding. 

Smittevern
Me held oss til gjeldande lokale og nasjonale reglar og anbefalingar for smittevern under arrangementet.

Påmelding
Meld deg på middagen til Eidfjord kommune sitt sentralbord, telefon: 53 67 35 00, innan måndag 20. september.

Gje beskjed ved påmelding om matallergi/matrestriksjonar, eller om du har andre behov.

Me gler oss til middag, og håpar å sjå deg 😊 

Beste helsing frå prosjektgruppa - Ut på middag i Eidfjord 2021

Informasjon om hendinga

Pris vaksen
0

Arrangør

Eidfjord kommune