Eidfjord Kommune

"Ut på middag i Eidfjord" - tysdag 7. desember

Me har igjen gleda av å invitera innbyggjarar i Eidfjord over 65 år ut på middag.

Dato
7. desember 2021
Tid
15:00 - 17:00
Stad
Quality Hotel Vøringsfoss

Arrangementet startar kl. 15.00 og varer i ca. 2 timer.

Det vert servert jolatallerken og dessert.

Musikk/underhaldning v/ Erlend Styve og Berit Håpoldøy.

Transport til og frå middagen
Eidfjord kommune ordnar med gratis skyss til og frå middagen for dei som treng det. Gje beskjed om du treng skyss ved påmelding. 

Smittevern

Me held oss til gjeldande regler, tiltak og anbefalingar for smittevern under arrangementet.

Me oppfordrar til bruk av munnbind til og frå bordet. I tillegg ber me om at de held dykk heime dersom de skulle få symptom på luftvegsinfeksjon eller har vore i kontakt med nokon som nyleg har fått påvist covid-19.

Påmelding
Meld deg på middagen til Eidfjord kommune sitt sentralbord, telefon: 53 67 35 00, innan onsdag 1. desember.

Gje beskjed ved påmelding om matallergi/matrestriksjonar, eller om du har andre behov.

Me gler oss til middag, og håpar å sjå deg 😊 

Beste helsing frå prosjektgruppa - Ut på middag i Eidfjord 2021

Informasjon om hendinga

Pris vaksen
0

Arrangør

Eidfjord kommune

Kontakt

Kjellaug Enge