Eidfjord Kommune

Juniorkokkane

Dato
27. november 2021
Tid
11:00 - 16:00
Stad
Tusenårsstaden

Sidan me har måtta utsetja Hardanger Matkulturfestival i 2020 og 2021 grunna pandemien, satsar me på noko nytt: Matkulturfestivalen vil visa seg fram på julemarknaden i Eidfjord 27. november, med «Juniorkokkane», der 6. klasse tryllar fram ein trerettar saman med kokken Andreas Skår. I tillegg kan publikum nyta smaken av heilgrilla gris og sjølvsagt tradisjonelle lappar med tilbehør.

Me ynskjer å skapa ei fin julestemning med god prat rundt bålpanna.

Hardanger Matkulturfestival skal vera i pinsen, 4. juni 2022

Arrangør

Hardanger Matkulturfestival Eidfjord
Postnummer og stad
5784 Øvre Eidfjord
Nettside
Hardanger-Matkulturfestival.no
Telefon
47250120

Kontakt

Marit Stadheim