Arkeolog Sigrid Skogheim og hennar assistent Espen Askeladd skulle endeleg i gang med nokre større vikingutgravingar på den historiske Varbergshaugen, like ved Norsk Natursenter, då dei merka noko rart. Høge lydar, store spor og noko verkeleg illeluktande! Etter lenger tid med undersøkingar er dei to no heilt sikre: Det må vera troll på ferde! Kan det henda det er sjølvaste Vøringstrollet som har forvilla seg ned til Varberg? Eller har det kanskje noko med sagnet om Tussafoten å gjera?
No ber dei små og store koma for å delta på: TROLLJAKT.
Trolljakt
Oppmøte ved Norsk natursenter Hardanger, Øvre Eidfjord.
- Trolljakta varar i ca. 2 timar – om me ikkje vert etne opp...
- Anbefalt frå 4 år og oppover
- Arrangementet skjer i turterreng, du må difor vera i fysisk stand til å kunne koma deg framover til fots
- Kle deg og dine for ein tur i skog og mark!
- Me ser helst at de ikkje tek med hund
Billettar
Billettar finn du på TicketCo