Eidfjord Kommune

Trolljakt

Det er observert troll i Øvre Eidfjord! Mellom Vøringsfossen og Eidfjord sentrum ligg Øvre Eidfjord. Kjent for sin flotte natur, "Norsk Natursenter Hardanger", camping og no også: TUSSAR OG TROLL!

Dato
24. juli 2022
Tid
15:00 - 17:00
Stad
Norsk Natursenter

Arkeolog Sigrid Skogheim og hennar assistent Espen Askeladd skulle endeleg i gang med nokre større vikingutgravingar på den historiske Varbergshaugen, like ved Norsk Natursenter, då dei merka noko rart. Høge lydar, store spor og noko verkeleg illeluktande! Etter lenger tid med undersøkingar er dei to no heilt sikre: Det må vera troll på ferde! Kan det henda det er sjølvaste Vøringstrollet som har forvilla seg ned til Varberg? Eller har det kanskje noko med sagnet om Tussafoten å gjera?

No ber dei små og store koma for å delta på: TROLLJAKT.

Trolljakt

Oppmøte ved Norsk natursenter Hardanger, Øvre Eidfjord.

  • Trolljakta varar i ca. 2 timar – om me ikkje vert etne opp...
  • Anbefalt frå 4 år og oppover
  • Arrangementet skjer i turterreng, du må difor vera i fysisk stand til å kunne koma deg framover til fots
  • Kle deg og dine for ein tur i skog og mark!
  • Me ser helst at de ikkje tek med hund

Billettar

Billettar finn du på TicketCo

Informasjon om hendinga

Arrangør

Eventyr i Parken

Andre tidspunkt

  1. Torsdag, 21.07.2022 12.00 - 21.07.2022 14.00
  2. Fredag, 22.07.2022 12.00 - 22.07.2022 14.00
  3. Laurdag, 23.07.2022 12.00 - 23.07.2022 14.00
  4. Laurdag, 23.07.2022 15.00 - 23.07.2022 17.00
  5. Søndag, 24.07.2022 12.00 - 24.07.2022 14.00
  6. Søndag, 24.07.2022 15.00 - 24.07.2022 17.00
  7. Onsdag, 27.07.2022 12.00 - 27.07.2022 14.00
  8. Torsdag, 28.07.2022 12.00 - 28.07.2022 14.00
  9. Fredag, 29.07.2022 12.00 - 29.07.2022 14.00