Eidfjord Kommune

Allmøte om Eidfjord Turlag, DNT

Vil du vera med å starta opp Eidfjord Turlag? Allmøte tirsdag 30. august kl. 18.00 i Kultursalen på Vøringfoss Hotel. Alle er velkommen !

Dato
30. august 2022
Tid
18:00 - 19:00
Stad
Kultursalen, Vøringfoss Hotel

Pressemelding:

Bergen og Hordaland Turlag (BHT) er tilknytt Den Norske Turistforeining (DNT) og har 6 grupper (Barnas Turlag, DNT Ung, Seniorgruppa, Fjellsport, DNT Nærmiljø og fellesturar for vaksne) og 16 lokallag tilknytt seg igjen. Kvart lokallag er en sjølvstendig juridisk eining, men får kursing, informasjon og vegleiing frå Bergen og Hordaland Turlag.

Under lokallaget kan ein ha eigne grupper, til dømes dei ovannemnde, eller lokale gågrupper. Eit turlag i Eidfjord har behov for frivillige innanfor fleire ulike områder. Nokre av områda ein trenger frivillige til er:

  • Planlegging og organisering av aktivitetar og turar
  • Turleiar
  • Styret
    • Leiar, nestleiar, kasserar, ansvarleg sosiale medier, ansvarleg dugnad, sikkerheitsansvarleg, evt. ansvarleg for grupper (Barnas Turlag, DNT Ung, Seniorgruppa, Fjellsport etc.)
  • Dugnadsarbeid som merking og oppgradering av stiar
  • Hjelpe til arrangement som «Kom Deg Ut dagen»

På møte 30. august vil det bli gjennomgått fordeler og moglegheiter med å vera tilknytt Bergen og Hordaland Turlag og DNT. Det vil også verta gjennomgått dømer på korleis eit lokallag kan vera oppbygd.

Dersom du ynskjer å melda deg som frivillig, kan du gjera det ved å skanna QR-kode (nederst) og registrera deg i skjema som kjem opp.

Det er også mogleg å sende mail til trude.iversen@dnt.no.


QR kode DNT  

Arrangør

Bergen og Hordaland Turlag

Kontakt

Trude Iversen