Eidfjord Kommune

Velkomen til byttehelg i Eidfjord

Velkomen til byttehelg i Eidfjord! Søndag 27. november kl 13.00- 15.00, Lægreid industribygg vis a vis Eidfjord brannstasjon. Her vil du finna brukt skiutstyr både til små og store.

Dato
27. november 2022
Tid
13:00 - 15:00
Stad
Lægreid Industribygg

Leit i garasje og på loft etter langrenn og alpinutstyr: skisko, stavar, ski, skøyter, skiklær, hjelmar, pulkar.
Me håpar du vil både kjøpa og selga brukt skiutstyr, hugs at betaling skjer via Vipps.
Innlevering av utstyr er lørdag 26 november kl 12.00 - 13.00, Lægreid industribygg. Eller ta med på søndag.

Angåande sal: Varer under 100 kr går direkte til skigruppa. Varer frå 100 kroner og oppover tar skigruppa 20% provisjon av.
Utsalspris vert satt av eigar og provisjon utreknast av den.

Til dømes: dersom eit par ski prisast til 400 kr tar skigruppa 80 kr for salget, og eigar får 320 kroner. Varer som evt ikkje er solgt må hentast søndag kl. 15.00-16.00. Varer som ikkje vert henta går til Skigruppa, Eidfjord IL. Me tar ikkje i mot utstyr som er i dårleg stand.
De kan få kjøpt saft, kaker og kaffi under handelen.

Håpar å sjå dykk!
Med vennleg helsing Skigruppa, Eidfjord IL

Arrangør

Eidfjord idrettslag
Postnummer og stad
5783 Eidfjord

Kontakt

Elin Sæbø Vik