Eidfjord Kommune

Kom deg ut-dagen

Det er Noreg sin nasjonale turdag, nemleg Kom deg ut-dagen! Eidfjord turlag vil ha bygda med på tur og aktivitetar på Hereidsanden.

Dato
5. februar 2023
Tid
12:00 - 15:00
Stad
Hereidsanden

Praktisk informasjon

Det vil verta rebusløp, bål, aktivitetar og matservering. Turlaget stiller med pylser og saft/brus til alle oppmøtte. Arrangementet er for alle aldrar, og det er gratis å delta. 
Sjekk vêrmeldinga for dagen, og kle deg etter vêret. Ta med sitjeunderlag. 

Hugs at alle born må ha fylgje av ein vaksen, og at alle har ansvar for eigne born på turlaget sine arrangement.

Ynskjer du å bidra?

Turlaget har behov for ekstra hender til rigging, bålvakt og til aktivitetar. Gje beskjed på e-post: eidfjord.turlag@dnt.no.

 

Velkomne til store og små!

Arrangør

Eidfjord turlag

Kontakt

Anne Kommedal