-
Dato
-
21. juni 2023
-
Tid
-
18:00 - 20:00
-
Stad
-
Galleri N. Bergslien
Lise Steingrim, ein anerkjend biletkunstnar, kunngjer si kommende separatutstilling på Galleri N. Bergslien sommeaen 2023. Utstillinga markerar hennar tildeling av Eidfjord kommune sitt kunstnarstipend og vil utforska spenningsfeltet mellom etterkrigsarkitektur og industrielle landskap.
Med bakgrunn som biletkunstnar og ei lidenskap for visuell orden, søkjer Steingrim å fanga essensen av geometriske formar, konstruksjonar og forenklingar. Ho har levd og arbeida tett på Eidfjord og Hardanger sin blendande natur og har samstundes vore vitne til industrien sitt nærvær og kraftverka sin påverknad i området.
Utstillinga vil presentera ei rekkje målerier som tar utgangspunkt i industribygg og ho syner målerier av arkitekturen som skaut frem i Norge i etterkrigstida. Behovet for nye bustadar var enormt, og dei fyrste drabantbyene rundt om i Noreg, kom til ved hjelp av effektiv arkitektur og forenkla byggje løysningar. Den norske funksjonalismen, inspirert av banebrytande ideologiar rundt "å bu" fra Bauhaus og Le Corbusier, format ein urban bebyggelse som skrella vekk ornamentikk og pynt. Blokkene fungerte som bumaskiner og romma alle kvardagen sine krav, samstundes som bygging i høgden skulle frigjera grøntareal til innbyggjarane si frie utfalding.
Steingrim ynsjker å formidla den estetiske krafta og symmetrien i industrielle landskap, samt å eksperimentera med komposisjon, fargar og perspektiv. Gjennom bruk av strenge linjer, geometriske former og reine farger skapar ho målerier som tar sjåarenn med på ei visuell reise gjennom industriområder og etterkrigsarkitektur.
Utstillingen vil og setja ljos på industrien sin meining for lokal kultur og identitet. Mange familiar i området har gjennom generasjonar hatt tilknytning til smelteverket og industrirelaterte yrker, og det å interessera seg for industrien si historie bidreg til forståinga av lokalhistoria, tradisjonar og påvirknaden på lokalsamfunnet.
Lise Steingrim si utstilling er eit høve til å oppleva samskapinga av etterkrigsarkitektur og industrielle landskap gjennom kunsten sine auger.
Kontakt
-
-
Bergljot Maria Veivåg Hauso