Om kunstnarane og utstillinga
Kristina Austi (tidlegare namn Kristina Daukintytė Aas) er fødd i 1978 i Klaipėda, Litauen. Austi bur i Bergen, Noreg. Ho arbeider med digital jacquardvev, broderi, installasjonar, video og collage. I arbeida sine appellerer ho til vår taktile sans gjennom eit medvite og stabilt handverk. Ho stiller spørsmål ved vår oppfatningsforståing og forhaldet me har til omgjevnadane våre. Kristina gjekk ut frå Bergen Akademi for Kunst og Design i 2011. Sidan 2013 har ho for det meste arbeida med digital Jacquardvev: ein teknikk som sameinar den gamle måten å tenkje om vove flater med den nye digitale teknologien. Ho arbeider deltid som tekstildesignar hos Innvik AS, eit veveri i Vest-Noreg.
Jared Theis vart fødd i 1977. Han tok ein MFA ved University of California, Davis i 2012. Medan han var i California, mottok han Joan Mitchell MFA-stipend og Robert Arneson-prisen. I 2014 fekk han eit Statens Kunstnerstipend frå Kulturrådet, Noreg, Oslo. Han har hatt opphald ved Künstlerhaus Bethanien i Berlin, Tyskland; KHIO, Statens Kunstakademi i Oslo, Noreg; Joan Mitchell Foundation i New Orleans; Houston Center for Contemporary Craft i Houston; USF Verftet Bergen. Han har stillt ut arbeidet sitt ved Künstlerhaus Bethanien, Berlin; Kunsthall Stavanger, Stavanger, Noreg; Mass Gallery, Austin, Texas og Oslo Prosjektrom, Noreg
Jared og Kristina utforskar mytologiske og groteske former frå ulike kunstneriske perspektiv, der Jared arbeider med skulpturelle element og Kristina med tekstil. Gjennom eit samarbeid introduserer dei AI som eit verktøy for å skape nye visuelle tolkingar basert på dei tidlegare arbeida sine, noko som fører til ein rik utveksling av idear og vidare utforsking av kunsten deira. Deira distinkte, men komplementære tilnærmingar, samt bruk av AI, informerer den kreative prosessen, men dei endelege verka utviklar seg uavhengig, driven av deira taktile og intuitive arbeidsmetodar. Installasjonen dei presenterer, består av urovekkjande former som både gjenoppliver gamle forteljingar og forblir relevante i vår tid.
Heimesida til Kristina Austi
Heimesida til Jared Theis