Eidfjord Kommune

Hárr - premiere

Velkomen til verdspremiere!
Benedicte Maurseth har komponert tingingsverket til Hardanger Musikkfest 2019.

Dato
5. juni 2019
Tid
18:00 - 20:00
Stad
Eidfjord Gamle Kyrkje

Verket har tittelen Hárr, som er det gamle norrøne namnet på fjellet Hårteigen, det høgaste fjellet på Hardangervidda. Ein kan sjå store delar av vidda derfrå, og hárr tyder også "den grå vegvisaren”.

Maurseth skal sjølv spele på konserten, og har med seg
Jasser Haj-Youssef på viola d’amore
Mats Eilertsen på kontrabass
og Håkon Stene på perkusjon.

Hárr blir framført 3 gongar, i 3 ulike kyrkjer.
Onsdag 5.juni kl 18 i Eidfjord Gamle Kyrkje
Torsdag 6.juni kl 21 i Odda Kirke
Fredag 7.juni kl 16 i Kinsarvik Kyrkje

Til Gamle Eidfjord Kyrkje: ta gjerne med ei pute til å sitje på!

Følg hendinga på Facebook; https://www.facebook.com/events/598841697294959/ 
 

Arrangør

Hardanger musikkfest