Opningstale vert ved styremedlem i Hardingpuls Kwestan Jamal Bawan og musikalsk innslag ved G-belgane.
Om utstillinga og kunstnaren
SUGD FRÅ EIGE (OG ANDRE) BRYST
I utstillinga Sugd frå eige (og andre) bryst syner Tord Torpe fram eit utval einskilde og grafiske verk, som presenterer både hans redaksjonelle arbeid som avisteiknar og hans sjølvstendige, kunstnariske praksis. Utstillinga tek utgangspunkt i forholdet mellom desse to delane av praksisen, og ynskjer å undersøkja både skilnadar og likskapar mellom desse to skapande tilnærmingsmåtane.
Torpe (f. 1985, Bergen) er biletkunstnar og animatør, utdanna ved Kunst- og designhøgskulen i Bergen og Moholy-Nagy University of Art and Design i Budapest. Han arbeider til dagleg som avisteiknar for hovudsakleg Morgenbladet og Bergens Tidende, men driv parallelt som biletkunstnar og har stilt ut i ei rekkje samanhengar. Teikninga er navet i det aller meste av Torpe sitt arbeid. Teikningane er kjenneteikna av stor detaljrikdom, ein tydeleg og attkjenneleg strek, og høg grad av gjennomarbeiding.
Den kommersielle og den personlege delen av Torpe sin praksis deler mykje av det same visuelle
universet. Stilen er ofte nesten overdådig gjennomarbeida, barokk og fabulerande. Uttrykket varierar frå det ømme til det groteske og alt i mellom. Samstundes har praksisane ulike funksjonar: Avisteikningane er laga i tilknytning til konkrete tekstar og samfunns-tilhøve, og lyt fungera innanfor gjevne rammer som format, tidsfristar og redaksjonelle samanhengar. Dei inngår i ein offentleg samtale, og er med på å kommentera og tolka spørsmål i samtida.
Dei eigeninitierte arbeida står fritt for slike føringar utanifrå. Her legg ikkje eit bestemt tema eller ein ytre samanheng føringar for form og innhald. Innhaldet kan såleis vera meir både personleg og poetisk, og prosess-orienterte form-eksperiment trer tydelegare og meir kompromisslaust fram som ein faktor i Torpe sine arbeid. Forskjellen mellom dei to praksisane – den eigeninitierte og den kommersielle – er likevel kanskje djupast i kva rolle rolle teikningane har: anten som del av ein konkret samanheng, eller som arbeid som eksisterer på eigne premiss. I denne utstillinga blir likevel òg dei redaksjonelle arbeida nøydd til å stå på eigne bein, då dei her vil bli viste utan tilhøyrande tekstar.
Utstillingsperiode
27. august - 4. oktober 2026