Mitt nabolag

tysdag 13. november 2018, 17:00 - 18:30

Informasjon

Multimedia forstillinga «Mitt Nabolag» er beretninga om ein pilegrimsferd på 7000 km frå Wien via Jerusalem til Kairos Søppelby. Her budde Christian Stejskal blant «Zabaleenerne», Kairo's uoffisielle kristne søppel arbeidarane samstundes som han livnærte seg som fiolinist ved operaen i Kairo.

Det fins ca. 100 000 Zabaleener i Kairo, dei fleste er koptiske kristne og ordet betyr rett og slett søppelinnsamlar. Dei samlar inn søppel frå gata med eslar og kjerre og fraktar den til sine trabantbyer utanfor den egyptiske hovudstaden der dei sorterer materialene; noko brukar dei sjølve, ein del vert seld og alt organisk materiale et grisane. På denne måten resirkulerer Zabaleenarane ca. 80% av søppelet.
I fem år har Christian Stejskal fotografert livet blant søppel arbeiderne, samtidig som han skreiv noveller fra Søppelbyen. I denne multimediaforestillinga vert publikum teken med på ein fargerik og personleg reise til livet blant Zabaleenerne i Kairo. Christian forteller syv fortellinger om syv menneske sine skjebner fra Søppel byen, samtidig som han viser fotografier og spiller Arabisk musikk samt eigen komponert musikk på fiolin.
Arrangementet er gratis og ein del av Eidfjord folkebibliotek si satsing "Klimamånad november" som er støtta av Hordaland fylkeskommune.

Pris vaksen: 0

Pris born: 0

Stad

Eidfjord kommunale kino
Ostangvegen 6a,  5783 Eidfjord

Tlf.: 53673592

Kontakt

Eidfjord folkebibliotek
Simadalsvegen 1,  5783 Eidfjord

Tlf.: 53673538

E-post : biblioteket@eidfjord.kommune.no

(Nettside): http://www.eidfjord.kommune.no/tenester/kultur/bibliotek/

Legg til hendinga i din kalender
 
Login for redigering