Eidfjord Kommune

Folkemøte om ny klima- og energiplan!

Har du idéar, innspel eller meiningar om kva slags tiltak Eidfjord kommune sin nye klima-, miljø- og energiplan bør innehalda? Korleis meiner du me kan redusera utslepp og forbruk?

Dato
4. desember 2019
Tid
18:00 - 20:00
Stad
Kommunestyresalen

Arbeidsgruppa arrangerer ein idédugnad og me vil ha dine innspel!

Møtet opnar med ei innleiing om kommunen sin status for arbeidet med planen og fokusområder, før me går i gang med innspelsrunden.

Velkomen!

Arrangør

Eidfjord kommune

Kontakt

Timo Knoch