Personvernerklæring
Personvernerklæring for elektroniske skjermdialogar frå ACOS AS
Definisjonar (ref. Personopplysningsloven § 2)
Personopplysning: | opplysningar og vurderingar som kan knytast til ein enkeltperson |
---|
Handsaminsansvarleg: | den som avgjer formålet med handsaminga av personopplysningar og kva hjelpemidlar som skal brukast (Eidfjord kommune) |
---|
Datahandsamar: | den som handsamar personopplysningar på vegne av den handsamingsansvarlege |
---|
Denne erklæringa gjer greie for korleis personvernet vert ivarekteke av ACOS AS som datahandsamar av personopplysningar. ACOS ynskjer å sikra at du som brukar av tenestene skal føla deg trygg på at gjeldande lover og reglar vert følgd og at datattyggleiken er ivareteken. Sikker handsaming av data vil til ei kvar tid verta dokumentert etter gjeldande retningsliner. ACOS AS er kun datahandsamar av personopplysningane, mens det er mottakande instans (Eidfjord kommune) som er eigar av dataene og handsamingsansvarleg. Eigartilhøvet vert regulert av ein eigen datahandsamingsavtale.
Formålet med handsaminga av personopplysninger
Opplysningar som du fyller inn vert oversendt til handsamingsansvarleg. Opplysningane gjer handsamingsansvarleg i stand til å utføra si sakshandsaming av din førespurnad. Dei innsamla opplysningane om deg vert handsama på same måte som om du hadde sendt inn eit papirskjema.
Lov om handsaming av personvern
Denne personvernerklæringa fylgjer retningslinene i "Lov om behandling av personvernopplysninger (personopplysingsloven) av 01.01.2001 med tilhørende forskrift."
Personopplysningar
Dersom du føler at ditt personvern er sikra ved denne erklæringa, samtykker du til lagring ved oppretting av din brukerprofil. Samtykket vert gjeve som godkjenning av våre retningsliner for personvernet og som samtykke for handsamingsmåten av opplysningane.
Lagring av opplysningar
Dersom du loggar deg på med e-post/MinID/BankID kan du når som helst velgja å avbryta utfyllinga av skjermdialogen og eventuelt henta den opp att for vidare utfylling seinere. Opplysningane du har tasta inn vil liggja lagra på vår server, og vil ikkje vera tilgjengeleg for mottakar, som er kommunar og fylkeskommunar, før du bestemmer deg for å senda inn søknaden. Når du har valt innsending, har du samtidig samtykt i at mottakar kan motta opplysningane. Så snart søknaden er oversendt handsamingsansvarleg, vert innhaldet sletta frå datahandsamaren sin server (seinest innan tre døgn). Vel du å avbryta utfyllinga for å henta den opp att seinere vil opplysningane kun vera tilgjengeleg i 72 timer før dei vert sletta. Utvalde skjema er mogeleg å langtidslagra på serveren til leverandør (ACOS AS). Nøkkelopplysningar frå desse søknadane vil automatisk hentast opp når du startar ein ny søknadsprosess. For langtidslagring gjeld ein utvida personvernerklæring. Du får tilbod om å langtidslagra dei innsendte skjemaene det er mogeleg å lagra.
Dersom du vel å ikkje logga deg på, vil innsendte søknadsdata slettast frå datahandsamaren sin server så snart søknaden er oversendt handsamingsansvarleg (seinest innan tre døgn). Datahandsamar vil kun ta vare på metadata om søknaden (type søknad, tidspunkt for innsending, referansenummer, og opplysning om mottakar).
Sikker line
Alle opplysningar som vert overført mellom di datamaskin og vår server føregår over sikker kryptert line (SSL). Løysninga tilsvarar tryggleiken som er brukt i nettbankene.
Rett til innsyn og rett til sletting av personopplysningar
Du kan når som helst be om å sjå opplysningane me har registrert om deg. Dette gjer du ved å ta kontakt på postmottak@eidfjord.kommune.no. Dersom du finn opplysningane unøyaktige eller ufullstendige, kan du kreva å få opplysningane sletta. Dersom du har oppretta ein brukerprofil i løysinga, kan du sjølv gjera slik sletting. Dette er jf. "Personopplysningsloven § 18 og retting etter samme lov § 27 og § 28."
Unnlate samtykke
Dersom du ikke samtykker i at personvernet er godt nok ivareteke, vil du ikkje kunne nytta sjølvbeteningsportalen – ACOS Søknadssenter - i høve elektroniske søknadsskjema. Du må då venda deg til organisasjonen på annan måte.
Aldersgrense
Du stadfestar at du er over 18 år.
Førespurnad
Dersom du har spørsmål som gjeld personvernerklæringa, kan du kontakta:
Eidfjord kommune
Simadalsvegen 1
5783 Eidfjord
Sentralbord: 53673500