Babysymjing

Babysymjing

Fredag, 18. oktober startar babysymjinga for born frå 8 veker med ei minstevekt på 4 kg.

Babysymjing er ei fin form for vatntilvenning for dei aller minste, og samtidig ein koseleg og morosam familieaktivitet! Bassenget skal vera fullt av leikar i ulike fargar og formar, og aktivitetane vekslar mellom leik og nærleik. I vatn opplever babyen varme, trygghet og har mogelegheit for å bevega seg ganske fritt.

Påmelding

Bindande påmelding skjer per epost til timo.knoch@eidfjord.kommune.no innan 16.oktober 2019; eposten skal innehalda namn til barnet, og namn og telefonnummer til føresette.

Pris

Kurset er lagt til formiddagen kl 09.00, kostar kr 1000,- og går over 10 gonger fram til jol.

Kapasitet

Det er planlagt eitt kurs med plass til sju deltakarar, og grunna denne begrensinga vert born som ikkje ha vore på babysymjing prioritert.

Etter påmeldingsfristen vil alle få informasjon om tidspunkt for oppmøte og info om opplegget.