Bassenget opnar

Bassenget opnar

 Bassenget opnar for offentleg bading måndag 19.oktober.  

Billetto - billett til bassenget

Tilbodet

  • Det er bading kvar veke i perioden 19.10.20-31.05.21, men er stengt i jol -og påskeferie.  
  • Det er eit redusert tilbod no fram til nyttår, og så vert det tatt ei ny vurdering. 
  •  Endringar kan komme på kort varsel. Kjem då informasjon på kommunen si heimeside og app. 
  • Før dykk på smittevernliste (namn og tlf + namn på borna) når de kjem. 

Opningstider


Måndag

17.00 - 18.00 Familiebading mor med barn
18.10 - 19.10 Familiebading far med barn
19.20 - 20.15 Damer og herrar

Onsdag

17.00 - 18.00 Familiebading mor med barn
18.10 - 19.10 Familiebading far med barn
19.20 - 20.15 Damer og herrar

Badstua

Badstua vert ikkje tilgjengeleg denne hausten. Ny vurdering etter nyttår. 

Billettar

Offentleg bading nyttar appen https://billetto.no/ for å bestille billettar. For at de ikkje skal verta avvist i døra når de kjem, må de bestille gratis billettar, og ta dei med på telefon/papir. Om de ikkje finn ledige billettar på Billetto er badinga fullbooka og de må venta til neste gong. Det er viktig at de bruker billettane slik at flest mogeleg kjem til. 

Slik går de fram inne i appen: 

  • Søk på “Eidfjord” i søkefeltet inne i https://billetto.no/. 
  • Bestill antal billettar du skal ha. 
  • Legg inn faktura-adresse. Billetten er gratis, men registrering av adresse på grunn av  smittesporing. 
  • Trykk “nei” på spørsmål om kvittering på sms, sidan denne kostar 10,-kr. 

Hygienetiltak i symjebassenget i høve Covid 19

  • Nytt antibac ved inngangsdøra til samfunnshuset
  • Det kan vera maks 10 personar i bassenget
  • Hold minst 1 meters avstand frå andre utanom eigen husstand. Dette er spesielt viktig i foaje, i garderobar og i dusjen
  • Det vert sett ut nokre få leiker i bassengområdet. Ein kan ikkje ta med eigne leiker
  • Vis god hygiene, ved å utføre handvask og dusje med såpe før og etter bading
  • Dersom ein er sjuk eller kjenner på symptom, må ein halda seg heime
  • Badevakt tek overflatevask i basseng og garderobe mellom kvar gruppe