Bli med på Klimakokkene!

Bli med på Klimakokkene!

Klikk for stort bilete 

 

Miljøagentenes kampanje i Mat- og Helsefaget

Klimakokkene

Klimakokkene er ein heilt ny kampanje i regi av Miljøagentene. I Klimakokkene skal klassar over heile landet konkurrera i å laga det mest klimasmarte måltidet. Kampanjen varer frå 6. - 31. januar 2020, og er open for alle klassar på 5. - 7. trinn som har mat- og helsefag.

 

Det er heilt gratis å delta i Klimakokkene, og kvar klasse får tilsendt undervisningsmateriell og konkurrerer om fine pengepremiar til dei tre beste klassane. I løpet av konkurransen vil barna bli utfordra til å vera kreative og ta klimasmarte val i matlaginga. Målet er å visa barn korleis du enkelt kan arbeida med klimaproblematikken i kvardagen, samtidig som du har det kjekt. Klimakokkene blir arrangert av Miljøagentene, i samarbeid med TORO.

 

Premiar

I Klimakokkene deler me ut premiar til dei tre beste rettane:

  • Første plass: 15 000 kroner
  • Andre plass: 10 000 kroner
  • Tredje plass: 5 000 kroner

Premiane skal bidra til vidare miljøvennleg aktivitet og koma heile klassen til gode. Eksempelvis sykkelparkering, parsellkasser eller turutstyr. Skular treng ulike ting, og me vil samarbeida med skulane slik at midlane blir vel anvendt.

Gå inn på www.klimakokkene.no for å lesa meir om konkurransen og for å melda på klassen din.