Brannvernveka 2022

Brannvernveka 2022

Brannvernveka vert arrangert over heile landet i veke 38, 19-25 september.
I Eidfjord vert dette med markert med bla. besøk av brannbilen i barnehagen torsdag 22 september,  og open brannstasjon laurdag 24 september frå kl. 12-14

Brannvernveka ynskje å sette eit ekstra fokus på brannsikkerheit. Ladevett er i fokus for årets brannvernveka.
Dette er viktige huskereglar for både born, ungdom og vaksne.

1. Lad i rom med røykvarslar
2. Lad når du er vaken og til stades
3. Les og følg bruksrettleiinga frå produsenten
4. Bruk helst original ladar
5. Lad på eit underlag som ikkje lett kan brenne
6. Ikkje lad i senga
7. Ikkje lad i korridor eller i trapperom. Dei må kunne brukast som fluktveg ved brann
8. Byt ut skadd utstyr
9. Stopp lading dersom det kjem lydar, lukter eller blir unormalt varmt 10.
Ved røyk og flammar, ring brannvesenet på 110

Sjå filmen om ladeskrekk her

Følg brannvernuka på facebook; 
Brannvernuka | Facebook

Ta gjerne bilde av dine gode ladevaner og bruk hasjtaggen #ladedetektiv.

Ladevettreglane er utarbeidde av DSB, Norsk brannvernforening og forsikringsselskapet If.