Busstreik og skuleskyss

Busstreik og skuleskyss

Det er busstreik i Vestland gjeldande frå laurdag 26. september. Dette har omfattande konsekvensar for busstilbodet i heile fylket.

Samordna skyss

I Eidfjord har me 17 elevar som til vanleg nyttar skuleskyss. Rektor ber om at føresette samarbeider om å køyre elevar til/frå skulen.

Det er usikkert kor lenge streiken vil vare, så håpar at føresette kan samordna skyss, slik at elevane kjem til/frå skulen den tida streiken pågår.

Skyss og smittevern

Viktig presisering til føresette som skyssar elevar når det er busstreik:

  • Det skal vera maks tre passasjerar + førar i bilen
  • Det må vera "luft" mellom passasjerane
  • De bør helst samla elevar som tilhøyrer same kohort (gruppe)

Ta gjerne kontakt med skulen om de har spørsmål. 

Kontakt

Anne Istad
Rektor
E-post
Telefon 53 67 36 22
Mobil 977 82 614