Cruisebåt til Eidfjord

Cruisebåt til Eidfjord

Destinasjon Eidfjord AS melder fylgjande i sitt tysdagsbrev om cruisebåtanløp i september.

Anløp

MS Vasco Da Gama frå Bremerhaven kjem til Eidfjord med 612 passasjerar ombord.

Båten skal liggja i Eidfjord

  • Onsdag 1. september frå kl. 0700-1130.
  • Mandag 13. september frå kl. 1300-1600

Grensekontroll

Sidan Eidfjord vert første hamn, skulle me tru at det vart grensekontroll her, men det gjeld ikkje ved cruiseanløp. Me har mellom anna fått denne informasjonen frå politiet:

"Politiet foretar ikke fast grensekontroll for å sjekke Koronapass på kystcruise med ankomst fra EU-land. Dette ansvaret er overlatt til skipet selv. Politiet foretar administrativ kontroll av anløpet i Safe Sea Net. Politiet KAN og utføre stikkontroller for å se at rederiene overholder forskriftsendringen..."

Testing

Det er altså rederiet som er ansvarleg for at alle ombord er har koronapass, og gjestene vert nok testa fleire gonger både før og under cruiset.