Eidfjord kommune vert større!

Eidfjord kommune vert større!

Fylkesmannen i Vestland har gjort vedtak om å justera kommunegrensa mellom Ullensvang og Eidfjord. Endringa vil gjelda frå 1. januar 2022.

I brev til kommunen 21.08.2020 opplyser Fylkesmannen i Vestland at det er fatta fylgjande vedtak:
"Kommunegrensa mellom Ullensvang kommune og Eidfjord kommune vert endra slik at gnr. 229 i Ullensvang kommune vert ein del av Eidfjord kommune. Ny grense i sjø vil følgje eigedomsgrensa på land, i same retning ut i sjøen, til den treffer grensa mot Voss herad midt i fjorden. Endringa tek til å gjelde frå 1. januar 2022."

Klikk for stort bilete 

Vedtak om grensejustering mellom Ullensvang kommune og Eidfjord kommune (PDF, 223 kB)

Bakgrunnen for saka

Bakgrunnen for saka er eit initiativ frå innbyggjarane på gnr. 129 i dåverande Ullensvang herad (no gnr. 229 i Ullensvang kommune), Ytre Bu, dagsett 02.03.2018. Initiativet gjaldt ynskje om grensejustering av kommunegrensa mellom Ullensvang og Eidfjord, slik at gnr. 229 vart ein del av Eidfjord kommune. Etter forslaget frå grunneigarane skal ny kommunegrense fylgja eksisterande private eigedomsgrenser.

Matrikkelen hadde store manglar når det gjaldt nøyaktige eigedomsgrenser i dette området. For å få grenser som ville vera av god nok kvalitet for å danna ny kommunegrense, er dei gamle grenser gått opp og punkta er målt og ført i matrikkelen. 

Saka har vore behandla i Eidfjord kommunestyre og Ullensvang heradsstyre ved fleire høve, og kommunane har oppnådd semje om ny kommunegrense.

Tidspunkt for iverksetjing

I rundskriv H-10/15 kapittel 3.6 har departementet gjeve uttrykk for den normalordning at eit vedtak om grenseendring ikkje bør setjast i verk før andre årsskiftet etter at vedtaket er fatta. Dette er blant anna for at kommunane og Kartverket skal ha tilstrekkeleg tid til å leggja til rette for dei tekniske endringane i matrikkelen før vedtaket skal tre i kraft, 

Dette er bakgrunnen for at Fylkesmannen har fastset at grensejusteringa vert gjeldande frå 01.01.2022.