Endringar i vedtaksbehandling - Motorferdsel i utmark

Endringar i vedtaksbehandling - Motorferdsel i utmark

Mars 2022 fatta kommunestyre i Eidfjord vedtak om endring i delegeringsreglementet når det gjeld motorferdsel. Det får betydning for korleis søknader om motorferdsel skal behandlast av administrasjonen.

Fristar

Absolutt siste frist for å koma med søknad for barmarksesongen, for behandling før ferietid, vert 5 juli 2022.
Saker innkomne etter det vert ikkje behandla før i august mnd.

Søknadsskjema

Sakshandsaming 

Dei aller fleste søknadane som kjem inn om motorferdsel utanfor nasjonalparken på barmark, vert behandla etter § 6 i motorferdselforskrifta. Det vil sei at endeleg vedtak må skje i motorferdselutvalet.  

Sommarstid vert det ikkje gjennomført politiske møter – heller ikkje i utval. Det betyr at frå veke 28 til veke 31/32 i 2022 vert det ikkje fatta vedtak i motorferdsel søknader. Dette grunna endringa i kven som har mynde til å fatta vedtak etter dei ulike føresegner i lova eller forskrifta. 

Dei siste åra er det satt frist for å søke om motorferdsel på barmark til den 15 mai kvar år. Dette for å samle opp største delen av søknadsmengden i god tid før ferieavvikling – men altså i 2022 også på grunn av sommarferie i politisk arbeid. 

Delegeringsreglement

Eidfjord kommune si vedtaksmynde etter motorferdsellova: 
§4, avsnitt 3 - Kommunestyre 
§4a - Kommunestyre 
§5 - Kommunestyre 
§6 - Kommunestyre --> Motorferdselutvalet 
 
Eidfjord kommune si vedtaksmynde etter forskrift for bruk av motorkøyretøy i utmark 
§2a, avsnitt 2 - Kommunestyret 
§3, avsnitt 2 - Kommunestyret 
§4a - Kommunestyret 
§5, §5a, §5b - Kommunestyret -->Motorferdselutvalet --> Rådmannen 
§6 - Kommunestyret --> Motorferdselutvalet