First LEGO® league mini camp for komande elevar i 6. - 10. klasseEidfjord kommune arrangerer mini camp med First Lego League i veke 31 (1.-5.august) for komande elevar i 6.-10.klasse. Det er fem dagar; mandag til fredag klokka 09.00-15.00 på Lægreid skule. Publisert 01.06.2022 12.50 Sist endra 02.06.2022 12.12 Denne veka vert elevane introdusert for robotkonkurransar, medan dei gradvis lærer det grunnleggjande om å bygga og programmere sjølvstyrande robotar ved bruk av ulike sensorar. Elevane skal arbeide saman om å bygga ein effektiv konkurranserobot, og underveis i prosessen skal dei systematisk testa og forbedra program. Veka vert avslutta med ein uhøgtideleg og engasjerande konkurranse. Kvar dag er det ein time fysisk aktivitet/leik ute. Elevane må sjølv ha med seg matpakke og evt drikke. Det vert delt ut frukt. For å arrangera denne campen er vi avhengig å få med minst 10 elevar (maks tal elevar er 26) Det er ein sertifisert Lego Education pedagog som er ansvarleg for campen. Tips: Det er viktig at føresette tek ein prat med son/dotter på førehand om at påmeldinga gjeld for deltaking alle fem dagane på campen. Det er ikkje mogeleg å vera med på berre deler av dagen/dagane. Dei som melder seg på må vera motivert for å delta aktivt i opplæringa og med oppgåver, og ha eit ynskje om å læra om programmering. Stikkord denne veka er: Bygging av LEGO®-installasjonar, og engasjerande, lærarrik og kreativ programmering. Føresette sender oss svar slik: JA og namn på elev på Vismameldinga sendt ut 01.06.2022 om ein vil at son/dotter skal delta. Frist for å gje oss tilbakemelding er snarast og innan søndag 5. juni. Campen er gratis for alle. Det er bindande påmelding. Om elevar melder seg av, må føresette betala eit avbestillingsgebyr på kr 500,- Me håpar at mange vil delta på campen som er eit samarbeid mellom helse, kultur, NAV sosial og skule. Mvh Karin/Rita, Bergljot Maria, Timo, Ole-Johnny, Jarand og Anne