Forlenga frist for innspel til løypekart for motorisert ferdsel

Forlenga frist for innspel til løypekart for motorisert ferdsel

Løypekartet skal visa hovudløyper for motorisert ferdsel i utmark i Eidfjord utanfor Hardangervidda nasjonalpark. Frist for å koma med innspel er 1. mai.

Motorferdselutvalet (UMO) er kome til at det er behov for meir tid til å fastsetja trase for hovudløyper. Fleirårsløyve som var gjeldande fram til 15.02.2020 er difor gjort gjeldande ut denne vintersesongen til og med fyrste sundag etter 1. mai 2020.

Intensjonen frå UMO er å samla ferdsel etter trasear samstundes som ein er klar over at ein skutertrase vil kunna variera noko etter korleis føret er det enkelte år. Hovudløypene skal ikkje vera til hinder for at det kan søkjast om alternative trasear. Administrasjonen har samstundes arbeidd med kartgrunnlaget for å få vist meir nøyaktige trasear som vert forslaget til hovudtrasear. Dette kartet er vedlagt. UMO ynskjer tilbakemelding på traseane.

UMO har ikkje formulert ein klar definisjon av begrepet hovudløype, men meiner hovudløypene skal definera kva område dei skal gjelda for. Område dei skal gjelda for kan vera konkrete stølsområde og/eller område i nabokommunar. UMO ynskjer tilbakemelding på dette.Vidare ynskjer UMO tilbakemelding på kva løyper som skal ha karakter av å vera hovudløype. T.d. kan eit minste tal brukarar vera eit mål. Skal løypene vera kvista og samanfallande med andre kvista løyper?
 

Oversiktskart - Motorferdsel på Hardangervidda (PDF, 6 MB)

UMO ynskjer tilbakemelding innan 1. mai, innspel skal sendast til postmottak@eidfjord.kommune.no

Kontakt

Gunnar Elnan
Rådgjevar - Plan
E-post
Telefon 53 67 36 52
Mobil 476 12 205

Adresse

Simadalsvegen 1
5783 Eidfjord

Opningstider

Måndag - fredag
08.00 - 15.00

Sentralbord
09.00 - 15.00