Forlenging av tiltak 12.05.2021

Forlenging av tiltak 12.05.2021

Me har gjennomført 85 koronatestar i dag og desse er sendt til analyse. Kommunal kriseleiing har vedteke å vidareføra tiltak og anbefalingar til me har mottatt prøvesvar på desse.  

Dersom det ikkje vert avdekka nye positive prøvar ut frå testar gjort onsdag, vil me avslutta dei lokale tiltak og anbefalingar som vart innført 6. mai. Det vil uansett vera eit redusert tilbod på fredag, då vil kommunehus, doktarkontor og biliotek vera stengt. Eidfjord doktarkontor er stengt 14. mai. Om du treng akutt hjelp, kontakt Ulvik doktarkontor på telefon 56 52 70 40.

Når det gjeld barnehage og skule vil me gå attende til gult nivå dersom me berre får negative prøvesvar på dei prøvar som er sendt i dag.  

Det koma meir informasjon om status for lokale tiltak på fredag 14. Mai.  

Gjeldande tiltak innført 06. mai 2021