Fritidsklubb på samfunnshuset

Fritidsklubb på samfunnshuset

Me lanserer nye opningstider og plassering av fritidsklubben med bakgrunn i smittevern.

Frå veke 47 og førebels fram til og med veke 51 vert det fritidsklubb på samfunnshuset. Nye opningstider er kvar fredag kl. 18 - 23 for alle. Fritidsklubben er ein møteplass for ungdommar i Eidfjord i aldersgruppa 8. klasse til 18 år. Me kjem til å flytta med oss litt spel og utstyr slik at me kan ha klubb nesten som vanleg. På samfunnshuset kan me nytta salen og hallen. Me håper at ungdommane ser positivt på denne løysinga. 

Kontakt

Bergljot Maria Veivåg Hauso
Kultursjef
E-post
Telefon 53 67 35 93
Mobil 971 90 023