Grensefastsetjing - Eio og Eidfjorden

Grensefastsetjing - Eio og Eidfjorden

Synfaring i samband med fastsetjing av grensa for fiske i Eio og Eidfjorden

Synfaring

Eidfjord kommune informerer med dette om synfaring som grunnlag for kommunen å fastsetja grensa mellom fiske i elva Eio og fiske i sjø. Grensefastsetjinga får følgjer for kva reglar om fiske som skal gjelda.

Synfaringa vert sett til 30.11, kl 12.30 frammøte i Ostangen.

Grense

Fastsetting av grense mellom sjø og elv er ei administrativ avgjer som ikkje kan påklagast etter forvaltningslova. Avgjersmynde ligg hjå kommunen etter delegasjon, men partane kan innan 3 månader krevja spørsmålet avgjort ved rettsleg skjønn. Rett til å krevja grensa fastsett har eigar eller brukar av fiskerett, det lokale fiskeorgan, statsforvaltaren, politimeisteren eller Miljødirektoratet.