Grensesetjing for fiskereglar Eio - Eidfjorden

Grensesetjing for fiskereglar Eio - Eidfjorden

Fastsetjing av grense for fiskereglar mellom sjø og elv for Eio og Eidfjorden.
Frist for innspel er 15.01.2022

Arkivsakid-doknr: 20/777-13 
Journalpostid: 21/11972 

Saksdokument

14.12.2021 Rettleiar grense mellom elv og sjø (PDF, 2 MB)
03.12.2021 Kartfesta fiskegrense sjø - elv Ostangen, forslag grunneigar og rettshavar (PDF, 451 kB)

Vedtak

Med heimel i lakse-og innlandsfisklovens § 31 d legg Eidfjord kommune ut følgjande 
forslag til vedtak om fastsetjing av grense mellom elv og sjø gjeldande for fiske i Eio 
og Eidfjorden ut på høyring:
Grense mellom mellom elv og sjø gjeldande for fiske i Eio og Eidfjorden vert sett til ei 
rett linje mellom punkt 100 og 101 i vedlagte kart.

Saka gjeld

Det er kome krav til kommunen om å fastsetja grensa mellom sjø og elv i forhold til utøving av fiske i Ostangen, grensa mellom Eio og Eidfjorden. Det er ei oppfatning at fiske er fritt i sjø. Fiskereglane for laks-og sjøaure er ulike 
mellom sjø og elv. Grensa er per i dag ikkje merka. Det er ei kommunal oppgåva å fastsetja denne grensa og merke denne. Heimelen følgjer av lakse-og  innlandsfisklovens § 31 d.

Formålet med grensesetjing er å sikra oversiktlege bruksforhold, og å gjera det enklare å handheva reglar om fiske. Grensesetjinga gjeld ikkje vurdering av eigedomsgrenser mellom private rettigheitshavarar etter vassdragslova. Grensa har tydning i forhold til kor langt rettshavar sin eksklusive rett til fiske går. Anna kan følgje av sedvane, alders tids bruk eller anna heimel.

Gjeldande rett

Lov om laksefisk og innlandsfisk av 15. mai 1992 inneheld ingen generell skildring av 
grense mellom elv og sjø, men kommunen kan i medhald av § 31 d fastsetje grensa i 
det enkelte tilfelle. I vassdragslova er vassdrag rekna så langt vassdraget ved 
midlare vassføring ligg over havets nivå ved alminneleg låg vasstand eller botn er 
prega av tilløp av ferskvatn.

Slik fattar kommunen vedtak

  1. Kommunen skal fastsetje grense mellom elv og sjø på grunnlag av høyring, synfaring og retningslinjer. Det er gjennomført varsling til partar med høve til å koma med innspel. Det er ikkje motteke innspel. Kommunen har og gjennomført synfaring der partar har påvist grenseforslag. Kommunen har og hatt synfaring og vurdert botnforhold i forhold til preg av elv eller sjø.
  2. Kommunen lagar eit forslag til beslutning og sender det på ein avgrensa høyring til relevante interessentar. Dette dokumentet (vedtaket) er utforma i samsvar med pkt. 2 i prosessen. Kommunens vedtak kan ikkje påklagast etter forvaltningslova av 10. februar 1967 kap. VI. Partane kan innan 3 månader etter kommunens vedtak krevje spørsmålet avgjort ved rettsleg skjønn. 

Vedtaket er gyldig etter tre månader, dersom det ikkje kjem krav om rettsleg skjønn. Kommunen orienterer partene, Statsforvaltaren og Miljødirektoratet om vedtaket. Vedtaket kan prøvast på nytt når forholda i vassdraget har endra seg vesentleg, for eksempel ved endring av vantnløp. I tillegg kan vedtaket alltid prøvast på nytt etter ti år.

Skal leggja vekt på

Moment kommunen skal leggja vekt på ved fastsetjing av grensa mellom elv og sjø:

  1. Hovudregelen er at elva går så langt ein kan følgja elvafaret ved fjære sjø
  2. Der osen ber preg av å vera stort deltaområde skal det leggjast vekt på djup på vasstand, strandlina si utforming, dybdeforhold og utforminga av osen over vatn og flora og fauna i området. Vurdering av flora og fauna gjeld og under vatn
  3. Innspel

Vurdering

Utforminga av osen i Eio er prega av at det er eit stort vassdrag med stor variasjon i vassføring. I vårflaum har Eio sterk vassføring med straum lagt utanfor det som er turt land. I ein periode med låg vassføring og høg flo kan osen ha preg av sjø opp forbi køyrebrua. Forskjell mellom flo og fjære kan vera opp i 200 cm, ref. Kartverket. Mens forskjellen mellom middel lågvatn og middel flo er 78 cm.

Vedlagte ortofoto med merkerte raude punkt (100 og 101) på kvar side av Eio, er punkt som ligg i vasskanten ved flo sjø. Vidare er markert linje mellom punkt som vart peikt ut i synfaringa (merka 200 og 201 i vedlagte kart).

Grunngjeving for denne grensa var

Det var teke utgangspunkt i korleis osen har vore brukt som ankringsplass for båtar frå gamle bilete. Det var og fortalt gamle historiar om bruken av området. Området har ikkje vore brukt til systematisk fiske etter laks og aure med stang. Men fiskarar i elva som har leigd fisket meiner andre har fiska for langt opp frå osen.

Frå gamalt vart fiske etter laks og sjøaure i hovudsak utøvd med fastståande reiskap og kastenot. Det er ikkje spor etter fastståande reiskap til fangst av laks og sjøaure på strekninga.

Bilete og historiar om bruken frå gamalt dokumenterer ikkje at det er utøvd fiske etter sjøfisk eller laks og sjøaure. Bilete viser oppankra båtar, dette tyder på at området ikkje var brukt til stongfiske då aktivitetane ville vera i konflikt.

Delar av Eidfjordvassdraget er regulert, noko som har redusert vassføringa i Eio. Årsmiddelvassføring er redusert frå om lag 44 m³/sek før regulering til om lag 28 m³/sek etter regulering (Paulsen 2000). Reguleringa kan soleis ha påverka kva som har vore oppfatta som grensa mellom sjø og elv. Ved markering av raude punkt (merka 100 og 101) var det flo sjø og stille, klart ver. 

Sjøbotn var lett å sjå og punkt vart sett med bakgrunn i tang i sjøen som indikerte sjøpåvirking. På Lægreidsida er terrenget ganske flatt utanfor platået for sjølve almenningen. Ved høg flo vil store delar av det låge arealet stå under vatn. Fiske i sjø vil då vera vist til areal på vestsida av punktet. 

På Hæreidssida av osen er strandarealet meir tilgjengeleg uavhengig av flo og fjæra. Terrenget skrår ganske bratt ned mot smal strandsone som er tilgjengeleg ved låg vasstand. 

På Hæreidssida ligg det ein campingplass med areal ned til osen. Stongfiske er ein populær aktivitet, men det er ikkje dokumentert om det er teke laks og sjøaure på strekninga. Det meste av fisket er nok oppfatta og utøvd i den tru at det er sjøfiske.

Det er tilgjengeleg strandareal for stongfiske vidare nordover frå osen. Stongfiske er ikkje mykje utøvd på Lægreidssida. Avstanden mellom linjene vist på vedlagte kart er om lag 42m målt midt i vassdraget.

Fiskarar som har leigd fiskerett i Eio meiner det vert utøvd stongfiske utan rett til fiske etter laks og sjøaure.

Gjeldande fiskereglar for hundremeter sona til grensa for vassdrag er

I sona er det berre lov å fiske med stang og handsnøre frå land i den tida vassdraget er ope for fiske. Når vassdraget er ope, kan ein fiske marin fisk i hundremeterssona. For anadrom fisk, er det berre lov å fiske på dei om det er ope for fiske etter laks og aure i elva. Dvs i hundremeterssona til Eio, er det stengt for laksefiske heile året. Sjøaure er lov å fiske i fisketida til sjøaure i vassdraget.

Konklusjon

  • Det er ikkje dokumentert fiske med fastståande reiskap eller kastenot i området for grense elv – sjø
  • Det er mogleg å påvisa kor tang i sjøen vitna om sjøpåverking
  • Fritidsfiske i os-området er ein populær aktivitet, spesielt om sumaren for turistar på Hæreidssida