Ha fokus på smittevern

Ha fokus på smittevern

Ei oppmoding frå Eidfjord kommune om å ha fokus på smittevern.

Smittevern

Eidfjord kommune oppmodar alle innbyggjarar om å halda oppe fokuset på smittevern. Det vert jobba med å vaksinera innbyggjarane – og me er heldige som ikkje har smitte i dag. Samstundes ser me at det er smitte i randkommunane til Eidfjord.

Det er viktig at me framleis er opptekne av å etterleva alminnelege smittevernreglar. Dette må gjelda alle innbyggjarar – gamle og unge, fastbuande og pendlarar, kommunale etatar og verksemder/næringsliv.

Både innbyggjarar og verksemder har eit sjølvstendig ansvar for å halda seg oppdatert om retningslinene. Og så håpar me at me snart kan gå tilbake til ein normal tilstand etter kvart.

Nasjonale råd og retningsliner

Eidfjord kommune fylgjer nasjonale råd og retningsliner som kjem frå sentrale helsestyresmakter. Det betyr at det ikkje er strengare retningsliner enn det som Folkehelseinstituttet (FHI) og Helsedirektoratet har utarbeidd.

Nyttige lenkjer

Her finn du relevant informasjon frå sentrale helsestyresmakter:
FHI sin koronainformasjon
Helse-Norge sin koronainformasjon
Helsedirektoratet sin koronainformasjon