Hageavfall

Visste du at det er forbode å kasta hageavfall i naturen? Om jord og hageavfall kastast over gjerdet, hjelper me framande planteartar, plantesjukdomar og brunsnigelen med å spreia seg i rekordfart. Samtidig vil dei fortrenga andre lokale artar og minska vårt biologiske mangfald. Hageavfall skal difor handterast i lukka kompostløysingar eller leverast til gjenvinningsstasjonen. 

Framande artar kan gjera stor skade 

Framande arter er artar som med menneskeleg hjelp har spreidd seg utfor områdar dei normalt lev i. Alle uønskt artar som utgjer ein risiko for norsk natur er samla i «framandartslista». I lista blir artane vurdert etter risikoen dei utgjer, frå «lav risiko» til «høg risiko». Risikoen er berekna i forhold til kor stort potensiale arten har til å spreie seg og kor stor sjanse det er for at arten tek over habitatet til andre artar. Lista har alt frå sopper, algar og insekt til pattedyr, fisker, fuglar og planter som er her, men som ikkje høyrar til i norsk natur. 

Hagerømlingar 

Plantar som er importert som pryd- og hageplantar, men som har klart å spreie seg og etablera seg i norsk natur, omtalast som hagerømlingar. Nokon eksemplar er gravmyrt, hagelupin, kanadagullris og parkslirekne. Desse artane er lista opp med «høg risiko» og gjer stor skade på lokalt naturmangfald.  

Fleire av hagerømlingane veks så rakst og tett at dei stel ljos og utkonkurrerar dei lokale artane som ikkje er biologisk utrusta til å takla denne nye konkurransen. Hagerømlingane vil rett og slett fortrenga artar som naturleg høyrar til i det lokale økosystemet som vil ha påverknad på insekt og jordbakteriane. Ofte er framande artar og giftige og skadelege for born som får i seg eller tek på plantane.

Hagerømlingar - Hageplantar som blir miljøproblem

Korleis hindrar me spreiing: 

Mykje av spreiinga skjer frå private hagar og med massetransport. 

Som hageeigar bør du gjera fylgjande for å bidra til å bevare norsk natur: 

  • Lær deg kva artar som utgjer ein trussel for norsk natur og unngå å planta dei i din hage
  • Bekjemp framande artar som etablerer seg utanfor hagegjerdet ditt
  • Ikkje kast jord eller planteavfall frå hagen i natur eller på tilfeldige avfallsplassar
  • Bruk enten lukka kompostbingar for å kaste hageavfall, eller 
  • Lever hageavfallet til gjenvinningsstasjonen 

Lever på hageavfallsmottak 

Den sikraste måten for å hindre at hageplanter spreiast i naturen er å levera avfallet til avfallsmottak i kommunen. Du finner informasjon om dette på kommunens heimeside, eller hos det lokale renovasjonsselskapet. Mange stader er det gratis å levera hageavfall til mottaket. For andre typar avfall må du betale. Difor er det lurt å ta hageavfall og annet avfall kvar for seg om du må køyre fleire rundar. 

Dei mest skadelege fremmande artene må leggast i sekker og leverast til forbrenning som restavfall på avfallsmottak. Berre slik kan man vera sikker på at artane ikkje spreiast.