Har du lyst å bidra til 17. mai 2021?Dessverre kan me heller ikkje i år feira 17. mai som normalt. Publisert06.04.2021 09.41 Sist endra06.04.2021 09.41 Eidfjord kommune søkjer difor etter lag/foreningar, næringsliv eller andre som har gode idear og ynskjer å ta eit ansvar for gjennomføring av desse i høve 17. mai feiringa. Lag gjerne ei skisse av ditt prosjekt og korleis du kan gjennomføra dette. Framlegget kan sendast inn til postmottak innan 17. april 2021. Det er vanskeleg å sei noko om kva nasjonale føringar for smittevern som er gjeldande i mai, framlegg til feiring må ta høgde for at det sannsynlegvis kan vera vanskeleg å samla folkemengder på ein stad.