Høyring og offentleg ettersyn av detaljreguleringsplan for Eidfjord Resort

Høyring og offentleg ettersyn av detaljreguleringsplan for Eidfjord Resort

I medhald av plan- og bygningslova § 12-10, blir detaljreguleringsplan for Eidfjord Resort (planID 2015002) lagt ut til offentleg høyring og ettersyn etter 1. gongsbehandling i Eidfjord planutval den 19.08.2020, sak 20/093.

Frist for å koma med merknadar er 9. oktober 2020.

Formål

Formålet med planarbeidet er leggja til rette for utbygging av alpindestinasjonen Eidfjord Resort i Sysendalen. Planlagte reguleringsformål er blant anna frittliggjande- og konsentrert fritidsbusetnad, sentrumsformål, hotell/overnatting, skianlegg, friluftsformål og fritids- og turistformål. Planområdet er i kommunedelplan for Sysendalen sett av til fritidsformål- og turistformål, samt framtidig idrettsanlegg.

Plandokument

Planen består av plankart i målestokk 1:2500, med tre detaljutsnitt i målestokk 1:1000, planomtale og føresegner. Det er utarbeida ROS-analyse og ei rekkje andre rapportar og konsekvensutgreiingar tilhøyrande planen.

Alle plandokumenta er tilgjengeleg i kommunens planregister

Merknadar

Merknadar til planarbeidet kan sendast til Eidfjord kommune via e-post postmottak@eidfjord.kommune.no eller per brev til Eidfjord kommune, Simadalsvegen 1, 5783 Eidfjord.

Frist for å koma med merknadar er 09.10.2020.

Kontakt

Louise Pettersen
Ass. kommunalsjef - Drift & Forvaltning
E-post
Telefon 53 67 36 54
Mobil 415 77 063
Katrine Helle Midtbø
Rådgjevar - Plan
E-post
Telefon 53 67 36 59
Mobil 918 80 730