Høyring og offentleg ettersyn av kulturminneplanen for Eidfjord

Høyring og offentleg ettersyn av kulturminneplanen for Eidfjord

I samsvar med plan-og bygningslova §§ 11-4 og 10-1 vert kulturminneplanen for Eidfjord lagt ut på høyring og offentleg ettersyn.

Merknadsfrist: 20. april 2020.

Formålet med planen

Hovudmålsettinga for kulturminneplanen for Eidfjord kommune 2020-2024 er å sikra føreseielegheit og langsiktigheit i kulturminneforvaltinga, samt å forenkla og effektivisera kommunen sitt arbeid i plan -og byggjesaker. Planen skal fremja kunnskap om kulturminne og den verdien dei har som ein del av vår kulturarv og identitet.

Dokument

Kulturminneplanen (PDF, 30 MB)

Saksframlegg med påført vedtak, 1. gongsbehandling i FSK (PDF, 30 kB)

Innspel

Eventuelle merknader skal sendast til postmottak@eidfjord.kommune.no eller pr. brev til Eidfjord kommune, Simadalsvegen 1, 5783 Eidfjord.

Frist for å senda inn merknadar er 20. april 2020.

Kontakt

Lisbeth Bygstad Celik
Kultursjef
E-post
Telefon 53 67 35 92
Mobil 976 33 956