Informasjon om behandling av korona med tablettar

Informasjon om behandling av korona med tablettar

Viss du har høg risiko for å bli alvorleg sjuk av korona, kan det vere aktuelt at du får behandling med tablettar. Helsedirektoratet har sendt ut følgande informasjon til alle landets kommunar.

Tablettane, som heiter Paxlovid, reduserer risikoen for å bli alvorleg sjuk.
Det er viktig at behandlinga med tablettar startar tidleg. Viss du har høg risiko for å bli alvorleg sjuk og får luftvegssymptom, bør du teste deg for korona.

Kven vil ha nytte av tablettar?

Det er særleg tre grupper som vil ha nytte av behandling med Paxlovid-tablettar:

  • Dei som har alvorleg immunsvikt
  • Dei som er over 65 år, ikkje har fått vaksine dei siste seks månadene og har ein alvorleg sjukdom. .
  • Alle som er over 80 år

Kva skal du gjere viss du får luftvegssymptom?

Luftvegssymptom er først og fremst tett nase, hoste og sår hals. Ofte har du og feber eller vondt i hovudet.
Viss du har høg risiko for å bli alvorleg sjuk av korona og får luftvegssymptom, bør du ta ein sjølvtest kvar dag - i inntil fire dagar.

Om sjølvtesten viser at du har korona, bør du kontakte fastlegen din eller legevakt.
Om testen ikkje viser at du har korona, kan du vente med å kontakte fastlegen.
Om symptoma blir verre, bør du kontakte lege, sjølv om sjølvtesten ikkje viser at du har korona.

Kven har høg risiko for å bli alvorleg sjuk?

Du har høg risiko for å bli alvorleg sjuk av korona viss:

  • Du har alvorleg immunsvikt. Til dømes fordi du har beinmargskreft eller lymfekreft og får medisinar som slår ut immunforsvaret.
  • Du er over 65 år, du har ikkje fått vaksne dei siste seks månadene, og du har ein alvorleg kronisk sjukdom. og
  • Du er over 80 år
  • Du er over 50 år og har aldri har tatt koronavaksine.

Meir informasjon om kven som har høg risiko og kva du skal gjere viss du blir sjuk finn du på Helsenoreg

Behandling med tablettar erstattar ikkje vaksine. Det beste du kan gjere for å ikkje bli alvorleg sjuk av korona er å ta koronavaksine.

Gratis sjølvtestar

Eidfjord legekontor har sjølvtestar til utdeling. 

 

Kontakt

Legekontor Eidfjord
Telefon +47 53 67 35 50

Tast 1 om du treng strakshjelp

Ope alle kvardagar frå  08.00 – 15.00.
Legevakt kvar dag frå 08.00 - 16.00

Telefontid:
08:00-10:00
13:00-15:00

Legevakt telefonnr. 116117