Nytt år, ny dugnad for å redusere førekomsten av landøyda 

Landøyda er ei naturleg vill plante som dei siste åra har spreidd seg mykje. Landøyda er fyrst å fremst eit problem i landbruket sidan den er giftig for storfe og hest. Difor er det ynskjeleg å fjerna landøyde i, ved og langs landbruksområder kor det er fare for at husdyr èt planten eller seinere får det i fôret.  

Bli med på dugnad! 

Kommunen oppmodar alle til å fjerna landøyda i nærleiken av landbruksområde.  

Gå ut med søppelposer og hanskar og riv opp plantene med røtene. Det er viktig at røtene blir fjerna. Bruk gjerna hanskar. Legg plantene i søppelposer, knytt igjen og lever dei som restavfall eller bestill henting hos kommunen. Ikkje legg dei i hageavfall eller kompost.  

Søppelposer kan hentast i resepsjonen.  

Kommunen kan henta 

Kommunen kan henta det som samlast inn. Send e-post til postmottak@eidfjord.kommune.no med namn og adresse eller ring +47 41 53 20 92 om du ynskjer henting. Plantene må vera i søppelsekker som er lukka igjen, lett tilgjengeleg langs veg. Kommunen vil samla inn posar som er meldt inn fortløpande. Henteordninga vil vara til 1. september i år. 

Meir om Landøyda 

Landøyda er ei naturleg vill plante i norsk natur. Det er eit fleirårig ugras som veks i beiter, langs veg og i grøftar, og som er enkel å kjenne igjen på sine gule blomar på ettersommaren.  

Landøyda er først og fremst eit problem i landbruket då den er giftig for storfe og hest. Forgiftinga er kronisk og oftast dødeleg («Sirasjuka»). Storfe og hest vrakar normalt planten på beite, men forgifting kan førekoma. Landøyda bør difor fjernast frå åker og eng så den ikkje hamnar i tørrfôret til dyr.  

Landøyda har frø med fnokk som spreiar seg lett med vinden, og etablerer seg i eng i nærleik av beiter med mykje landøyda. Ein plante har i gjennomsnitt 2100 frø, men kan ha opp til 30 000 frø per plante. Ved større mengder landøyda i silo eller høy kan problemet med forgifting bli større enn på beite! 

Karminspinnaren 

Landøyda er ei plante som er habitat/fôr for sommarfugllarven kalt karminspinnaren. Larven èt nemleg berre blad av planter i slekta «svineblom» som landøyda er i. Karminspinnaren er på raudlista som sterkt trua. Sidan landøyda er naturleg i norsk natur og den er med på å behalde biologisk mangfald er det difor ynskjeleg at den får vera i områder kor den ikkje er i fare for husdyr. På grunn av dette er det hovudsakelig anbefalt å fjerna landøyda ved landbruksområder.  

Forvekslingsartar 

Landøyda kan forvekslast med Dikesvineblom og Boarsvineblom. Det er ikkje farleg om du plukkar med deg ein av forvekslingsartane då Dikesvineblom er vurdert å vera ein skadegjerar på lik line som landøyda (plantevernleksikonet) og Boarsvineblom er ein framandart (artsdatabanken). 

Spørsmål

Om du har meir spørsmål om planten, ring +47 45 22 70 04. 

 

Kontakt

Eirin Aasland
Rådgjevar natur, miljø og landbruk
E-post
Mobil 45 22 70 04

Adresse

Simadalsvegen 1
5783 Eidfjord